Ledig stilling

logo-setesdalfhs

Setesdal Folkehøgskule er i vekst!
   Nye linjer under planlegging.

Vi har auka elevgrunnlaget til 87 elevar. Fleire elevar er venta frå hausten 2020. Vi har trong for flere medarbeidarar. – Du kan få stilling hjå oss!
Felles for alle stillingar: 
Stillingsstorleik kan tilpassas og stillingar kan kombinerast. Setesdal Folkehøgskule er ein 24/7 – skule, og skulen forventer fleksibilitet med omsyn til arbeidstid. Tilsyn og helgevakter er ein naturleg del av alle stillingar.

Er du vår nye Miljøarbeider?

Setesdal folkehøgskule søker etter miljøarbeider inntil 200% – fast

Arbeidsgjevar:            Setesdal Folkehøgskule

Stillingstittel:              Miljøarbeidar

Stad:                           Valle i Setesdal

Søknadsfrist:               08.12.2019

Stillingsbeskrivelse

Vi søker ein miljøarbeidar som kan vise omsorg, skaper trivsel for elevar og legge til rette for ein inkluderande, aktiv og sosial kvardag.

Miljøarbeidar samarbeidar tett med alle dei tilsette.

Miljøarbeider fylgjer med på turar og reiser som skulen har, ved behov.

Arbeidsoppgåver:

Vi ønsker oss ein tydeleg og trygg person som er glad i ungdom og kan:

  • Snakke med, støtte og motivere elevar
  • Planlegge og organisere aktivitetar i samarbeid med elevene
  • Delta aktivt i skulen sitt elevmiljø
  • Trygg på deg sjølv, og kunne sette grenser
  • Evne til samarbeid
  • Fleksibel, og god til å tilpasse deg ulike situasjonar
  • Merksam og elevorientert
  • God etikk, og gode haldningar
  • Dyktig til å formidle tryggleik
  • Strukturert og påliteleg

Kompetanse:

  • Relevant fagbrev, og/eller dokumentert praksis
  • Faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

Eit spanande arbeidsmiljø med aktive og engasjerte kollegaer og elevar.  Deler av skuleåret er vi på reise, undervisningsarenaene er allsidige. Du har og moglegheit til å videreutvikle din eigen kompetanse.

Inspektør – Assisterande rektor 100% stilling

Arbeidsgjevar: Setesdal folkehøgskule

Stillingstittel: Inspektør

Frist: 08.12.19

Varighet: Fast

Stillingsbeskrivelse:

Inspektør er rektor sin næraste medarbeidar i leiinga av skolen og fungerer som rektor i rektors fråvær. Stillinga inneber å ansvar for pedagogisk planlegging og tilrettelegging, timeplanar, vikarar, vaktlister, seminar, fråværsføring, permisjonar, jamleg  informasjon til elever og tilsette, med meir.
Inspektør skal og fylgje opp vedtekne planar og strategiar i samarbeid med rektor.

Stillinga vil og innebere mykje elevkontakt, og det er difor ein føresetnad at du trivast i lag med ungdom.

Det vert søkt etter en effektiv, fleksibel og utåtvend person. Du har erfaring frå administrasjon og/eller skoledrift, og har god kjennskap til folkehøgskular. Det er viktig at du kan bidra til eit godt elev- og arbeidsmiljø, og personleg eigenskapar vert tillagt spesielt stor vekt.

Me ynskjer ein kandidat med :

Relevant høgskoleutdanning

Relevant leiarerfaring

Kunnskap om folkehøgskule drift og -lovverk

Minimum Bachelor i relevant fagkrins

Eit stort fagleg engasjement

Det er ein fordel om kandidaten har kompetanse om ein eller fleire av linjene ved skulen.

 

Informasjon og søknad

Rektor er inspektør sin næraste overordna

Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtaler..

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Nærare opplysingar kan ein få ved å vende seg til Styreleiar,

Ved tilsetting må gyldig politiattest leggast fram.

 

Informasjon om stillingane får du av Styreleier Olav Hovet mobil:  909 55 050

Søknad med CV sendast til: olav.hovet@setesdalfhs.no

Er du vår nye linjelærar i ein eller fleire greiner?

Motocross, Trial eller Enduro

Har du i tillegg interesse og kompetanse på vedlikehald av motorsyklar?

Setesdal folkehøgskule søker etter miljø – og linjelærar inna MC, Enduro eller Trial:

100%  – fast

Arbeidsgjevar:            Setesdal Folkehøgskule

Stillingstittel:              Linjelærar Motocross /Enduro

Stad:                           Valle i Setesdal

Søknadsfrist:               08.12.2019

Stillingsbeskrivelse

Vi søker etter linjelærar som kan undervise i Motocross, Trial eller Enduro på alle nivå.

Du må i tillegg delta på turar og halde valfag.

Valfaga kan tilpassast ut i frå den kompetanse du tar med deg, i samarbeid med skulen og elevar.

Kompetanse:

Vi ønskjer linjelærar med :

  • Engasjement i Motorsykkel og Motocross/Enduro spesielt, og har erfaring med sykkel frå nasjonalt nivå.

–      Et positivt elevsyn og evne til å bygge gode relasjonar med elevar og kollegaer.

–     Det er en fordel med Praktisk-pedagogisk utdanning.

–      Du må ha vilje til å utvikle deg faglig og didaktisk.

–     Det er ønskjeleg at du har trenerkompetanse frå NMF

–     Kan formulere deg skriftleg og munnleg på norsk.

–     Godt kjennskap til digitale verktøy

–     Førarkort på minibuss med hengar er en fordel.

–     Traktor og/eller gravemaskin kompetanse til vedlikehald av bane er ynskjeleg.

Faglege kvalifikasjonar og personleg eigenskap vil bli vektlagt og kan kompensere for formell utdanning.

Vi kan tilby:

Eit spanande fagmiljø med aktive og engasjerte kollegaer og elevar. Store deler av skuleåret er vi på reise, undervisningsarenaene er allsidige. Du har og moglegheit til å videreutvikle din eigen kompetanse.

Kokk 50%

50%  – fast stilling

Arbeidsgjevar:            Setesdal Folkehøgskule

Stillingstittel:              Kokk

Stad:                           Valle i Setesdal

Søknadsfrist:               08.12.2019

Stillingsbeskrivelse

Vi søker etter kokk. Stillinga kan eventuelt utvidas med andre oppgåver med skulen.

Kompetanse:

Vi ønskjer en kokk med

–    Erfaring som kokk, som ønskjer arbeide i turnus
–    Du må kunne arbeide sjølvstendig, men også trivass i samarbeid med andre.
–    Ha et positivt elevsyn og evne til å byggje gode relasjonar med elevar og kollegaer
–    Søkar må kunne beherske norsk skrifteleg og munnleg.
–    Engelsk munnleg er ein fordel då me har internasjonale elevar
–    Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

Eit spanande fagmiljø med aktive og engasjerte kollegaer og elevar.
Vi er ein skule under utvikling
Arbeidstaker følgjer skulen sine ferie og fridagar

Er du vår nye vaktmester på Setesdal Folkehøgskule?

Setesdal folkehøgskule søker etter vaktmester:

50%  – fast.  Stillinga kan kombinerast med andre stillingar.

Arbeidsgjevar:            Setesdal Folkehøgskule

Stillingstittel:              Vaktmester

Stad:                           Valle i Setesdal

Søknadsfrist:               08.12.2019

Stillingsbeskrivelse

Vi søker etter vaktmester som kan halde skulebygningar og ute-miljø i stand sommar og vinter. Vaktmester har ansvar for dagleg drift og vedlikehald av bygningar ute og inne.

Vaktmester utarbeider FDV-dokument for alle skolens eigedommer.

Du må være allsidig, sjå skulen sine behov, og være løysingsorientert.

Skulen skal drive almenndanning og folkeopplysning, og me ynskjer at du vil delta aktivt i dette arbeidet. Stillinga vil bli tillagt budsjettansvar.

Kompetanse:

Vi ønsker oss ein fleksibel nevenyttig og praktisk person med gjennomføringskraft som:

–    Har relevant fagbrev, eventuelt har dokumentert praksis frå tilsvarande arbeid
–    Kan arbeide sjølvstendig og ta inititiativ der det trengs
–    Kan gjennomføre forefallende reparasjoner/ arbeid
–    Kan planlegge eige arbeid og ivareta innkjøp til eigne oppdrag ihht. budsjett
–    Er glad i mennesker og evner å engasjere og støtte opp under våre elevar
–    Minimum førarkort klasse B

Faglege kvalifikasjonar og personleg eigenskap vil bli vektlagt.

Vi kan tilby:

Ein arbeidsplass der du kan jobbe sjølvstendig, og har stor fridom under ansvar.

Varierte arbeidsoppgåver, der du kan sette ditt preg på bygningar og

området.

Eit levande skulemiljø, flotte tilsette og elevar